Dagen for bryllupsfesten nærmar seg! Vi gler oss til å sjå dykk alle saman.
Her følgjer litt praktisk informasjon om dagen:
Vi vil starte denne dagen med ein vigslingseremoni som vi har satt saman sjølve. Der vil vi stadfeste giftemålet og kjærleiken vår til kvarandre, og ikkje minst inkludere alle dykk. Dette handlar jo om oss to og det vi har saman, men for oss handlar det og mykje om det vi har saman med dykk.
Vigslingseremonien kjem til å finne stad i Andorsenhagen. Herfra skal vi gå i følgje via stranda Sjøsanden og gjennom skogen Furulunden, til festlokalet. Det er lurt å ha dette i mente når ein vel sko å ha på seg (evt. ha med seg eit ekstra par).
Om ein ynskjer å parkere bil ved festlokalet er det altså lurt å gjere det før seremonien. Der er gratis parkering ved skulen, og ein kan og lade el-bilen sin her.
Vi har lokalet til kl 03:00. Da må festen avsluttast og alle må forlate lokalet. For dei som ynskjer det vil det vere mogleg å avslutte festen med nattbad på ei av strendene i Mandal. Om ein ynskjer kan ein legge i frå seg badetøy på skulen, dagen før.
Ikkje nøl med å ta kontakt med oss eller nokon i nær familie, om det er noko de lurar på. Hugs og å melde ifrå til kjøkemeistrane om du vil halde tale eller liknande.
Programmet for dagen er ellers å finne under:
Dette er eit merkeleg nynorsk ord for toastmaster. Det er Elias si kusine, Elise, og Elias sin pseudo-fetter, Sølve, som har vore så greie og tatt på seg dette ansvaret. (Sjølv om Sølve trodde han sa ja til å vere kjøkkenmester....) Her følgjer kontaktinformasjon til dei, om du føler deg kalla til ein tale eller eit morosamt innslag, noko vi sett stor pris på om du vil!
Sølve: klouman.stoknes@gmail.com
Elise: elise_nord@hotmail.com
(Dette er einaste bilete vi har av dei to saman, Elise er bak lysestaken, Sølve har piratring)
Velkomne til Mandal! Norges vakraste Sørlandsperle og byen Sigrun er ifrå. Her skal vi feire. Mandal er ein vakker by, særs vakker om sommaren, noko som drar mange besøkande. For dei som har behov for å booke stad å bu kan det vere lurt å gjere det tideleg. Nokre forslag til bustadar finn de på sida "Kvar kan du bu?" på menyen øvst på sida.
Bryllupsdagen starter i Andorsenhagen ved Mandal Museum, her planlegger vi å ha sjølve vigslinga. Derifrå vandrar vi i samla tropp, via Sjøsanden og til Mandal videregåande skule, der sjølve festen skal finne stad.